Om vår båtforening

For dei fleste andre båtforeningar gjeld tilbud om båtplass som viktigast for foreningens eksistensgrunnlag. For vår båtforening er det imidlertid tilbod om slipping og vinterlagring som er det viktigaste grunnlaget for vår eksistens; me har bare tjueto båtplasser, men kan tilby slipping og opplag for meir enn tre gonger så mange båtar som me har båtplass til. Hovudaktiviteten og hovudinntekta for båtforeninga er derfor relatert til slipping og opplag.

Dei aller fleste medlemmene i Hillevåg båtforening har ikkje båtplass i båtforeninga, men har båten i andre båthamner. Dei nyttar slippen til enten vårpuss eller vinterlagring. 


Me er ei lita båtforening utan fast tilsette. Heilt frå starten av har båtforeninga vore driven på frivillig basis, avhengig av innsats og dugnad frå medlemmene.


Styret driv  òg på frivillig basis utan nokon som helst form for kompensasjon. På det viset  går drifta rundt, slik at me kan ha rimelege priser.


Fleire av dei som har båten på slipp er ikkje medlemmer, og betaler derfor nokogare pris.


Medlemskap er frivillig, og viss ein ikkje ynskjer å delta på dugnadar kan ein velja å ikkje vera medlem. På lik linje med dei andre båthamnene i regionen krevs det imidlertid medlemskap for å stå på venteliste for båtplass. Då må ein vera med på reglane for drifta av båtforeninga ein står på venteliste hos.