Hillevåg båtforening blei stifta i 1945, og har om lag 70 medlemar. 

Båtforeninga har eige klubbhus - nyoppussa, med sitjeplass for 20-30 personar, med fullt utstyrt kjøkken, AV-utstyr og Internett. Mot sjøsida er det ein flott terrasse med utsyn mot Gandsfjorden og Ryfylke.

For dei fleste andre båtforeningar er tilbod om båtplass viktigast for foreninga sitt eksistensgrunnlag, men for vår båtforening er det tilbod om slipping og vinterlagring som er det viktigaste grunnlaget for vår eksistens. Me har bare tjueto båtplasser, men kan tilby slipping og opplag for meir enn tre gonger så mange båtar som me har båtplass til. Hovudaktiviteten og hovudinntekta for båtforeninga er derfor relatert til slipping og opplag.

Dei aller fleste medlemane i Hillevåg båtforening har ikkje båtplass i båtforeninga, men har båten i andre båthamner. Dei nyttar slippen til enten vårpuss eller vinterlagring. 


Me er ei lita båtforening utan fast tilsette. Heilt frå starten av har båtforeninga vore driven på frivillig basis, avhengig av innsats og dugnad frå medlemane.


Styret driv  òg på frivillig basis utan nokon som helst form for kompensasjon. På det viset  går drifta rundt, slik at me kan ha rimelege prisar.


Fleire av dei som har båten på slipp er ikkje medlemar, og betaler derfor nokogare pris.


Medlemskap er frivillig, og viss ein ikkje ynskjer å delta på dugnadar kan ein velja å ikkje vera medlem. På lik linje med dei andre båthamnene i regionen krevs det imidlertid medlemskap for å stå på venteliste for båtplass. Då må ein vera med på reglane for drifta av båtforeninga ein står på venteliste hos.