Hillevåg båtforening ligg ved Hillevågsbukta, i munninga til Gandsfjorden. Med båt frå hamna vår tek det ikkje lang tid før du er midt i Ryfylkes fjordar og øyrike - Marøya, Fladaskjeret, Uskjo, Lindøya, Høgsfjorden, Horgefjorden og Hidlefjorden.

Hillevåg båtforening grensar til område som er under rask utbyggjing. Frå ei anonym adresse ved Kvalaberg - inntil nyleg inneklemt mellom fabrikkar og rustne kaianlegg -  vil båtforeninga om kort tid vera del av ein ny bydel med bustader, kontor og parkar. Me planlegg også ei oppgradering av vårt kaianlegg, i harmoni med anna utbyggjing i nærliggjande friområde. Klikk på denne lenkja for kart med oversyn over utbyggjing i nærområdet vårt.

Me er ei av  dei minste båtforeningane i Stavanger, men ei av dei som ligg mest sentralt. 

Me ynskjer alle som kan bidra til mangfald i medlemssamansetjing, gjerne med nye idéar til utvikling av båtforeninga, og lyst og kvalifikasjonar til deltaking i dugnad, velkommen som medlem, med spesiell adresse til kvinner og yngre!

Du var vinden

Eg er ein båt

utan vind.

Du var vinden.

Var det den leidi eg skulde?

Kven spør etter leidi

når ein har slik vind

Olav H. Hauge