Generelt

Me har god kapasitet og konkurransedyktige prisar for vinteropplag og slipping. Organisert slipping for vinteropplag skjer frå september til november, med tilsvarande sjøsetjing i april/mai.  Me har no utvida kapasiteten for å vinterlagra mindre båter opp til 22 fot. Me kan ta opp seglbåtar med lang kjøl på vår slipp, men ikkje seglbåtar med finnekjøl. Maksimum båtlengd for slipping er 34 fot.

Lagring av båt på tilhengar eller i eiga krybbe kan gjerast heile året, men me har verken kran for opptak eller rampe for å trekkja opp båten på tilhengar.

Avtal lagring på førehand med slippsjef. Me anbefaler ikkje lagring av seglbåt med masta oppe; seglbåtkrybba bør også vera dimensjonert for å tola kraftig vind. 

I tillegg til vinteropplag  er det òg mogleg å ta opp båt for vårpuss, som kan utførast på området. Naudslipping kan òg utførast etter avtale. Avtal med slippsjef viss du har bruk for straum.

Området har ikkje video-overvåking, men me har hatt få problem med innbrot dei siste åra, serlig etter at vegen ble stengt for gjennomgangstrafikk.

Du treng ikkje vera medlem i båtforeninga for å vinterlagra båt hos oss.

Vinterlagring

For opptak med båtforeningas slipp og vinterlagring på spor blir det kvar haust sett opp ei liste på vårt slipphus for påmelding. Båteigar må ta med materialar til oppstøtting av båten når han blir sett av på sporet.


Du kan også lagra båt på tilhengar eller ein båthengar på slippområdet.

Kontaktpersonar

Kontakt slippansvarleg Sven Magne Skjørestad (907 09 150) eller Rolf Jone Rasmussen (928 00 256) for slipping og lagring på spor.


Kontakt  slippansvarleg Sven Magne Skjørestad (907 09 150) eller hamnesjef Erik Klepsvik (982 13 705) for lagring av båthengar.


Du kan òg bruka post@hillevagbatforening.no for kontakt.