Våre båtplassar

Hillevåg båtforening har 22 båtplassar. Tre av dei er langsmed kai (innsida av Hetlandskaien); dei andre er båtplassar med landfeste, moring og moringsbøye.

Vassdjupna ved bryggje for båtfeste er i overkant av ein meter på det lågeste.  Det skrår nokså bratt utover, med djupne over fire meter bare få meter frå bryggja.

Mange lurer på kvifor me ikkje har flytebryggjer, men utan molo eller solide bølgjebrytarar vil flytebryggjer ikke kunna motstå vêr og vind.

Det ikkje er tilgang til landstraum for fortøydde båtar.

Vêrforhold

Våre båtplassar kan brukast store deler av året, men ikkje frå november til mars, på grunn av vindforholda (den mest kritiske vindretninga i vår båthamn er sør-aust).  I denne perioden skal alle båtar på land; om du ynskjer vinterplass på sjø er det mykje ledig i mange båthamner (inkludert i Stavanger Motorbåtforening).

I sommarhalvåret er det oftast vind frå vest og nord. Dei verste haust- og vinterstormane kjem oftast frå sør-aust.

Årsavgift for kalenderåret for båtplass skal betalast på nyåret kvart år; manglande betaling medfører tap av rett til båtplass.

Fortøying

Dei aller fleste av våre båtplassar er i form av ankefeste (moring), moringsbøye og landfeste.

Båtforeninga syrgjer for at det er to landfeste for kvar båtplass, og har frå og med 2023 overteke utsetjing og vedlikehald av sjøfeste (moring og bøye). 

Nye landfeste i galvanisert stål blei støypte inn i bryggja sommaren 2022. Nye sjøfeste er lagt ned våren 2023.

Båtfeste eigner seg best for motor- og seglbåtar under åtte meters lengd og som ikkje stikk djupare enn 1,7 meter. 

Tau til fortøying skal vera minimum 14 mm, og det skal vera to fortøyningar med fjøring til land. Båteigar skal ha jamnleg tilsyn med sin båt; dette er ikkje styrets oppgåve.

Sjakkel for feste av moringstau til fortøyingsbøye har ein gjengedel som bør sikrast og inspiserast av og til, viss ikkje kan denne skru seg opp av seg sjølv.

Dersom du har båt med stort vindfang i form av overbygg eller rigg, kan det også vera lurt å fortøya båten med baugen mot sjø og vind.

Venteliste for fast båtplass

Det er venteliste for å få tildelt båtplass; i 2024 er det kortare ventetid enn det har vore på fleire år, uvisst av kva grunn. Tildeling av båtplassar til ventelistemedlemar skjer kvart år på nyåret, og vanlegvis blir det tildelt ein del båtplassar kvart år.

Me forventar at dei som har blitt tildelt båtplass har båt, slik at båtplassen er i aktiv bruk same år som tildeling skjer. 

Båtplassen kan ikkje framleigast av medlem, men kan i visse tilfelle leigast ut av styret. Ein person kan ikke disponera fleire enn ein båtplass.

Du må vera medlem for å stå på venteliste for fast båtplass (du søkjer om dette på Havneweb når du søkjer om båtplass). Medlemskap  for ventelistemedlemar kostar 300 kr per år.

Ventelistemedlemar må kvart år i desember stadfesta om dei framleis vil stå på venteliste i kommande år. Viss båtforeninga ikkje mottek slik stadfesting fører det til fjerning frå ventelista. Blir du sletta frå ventelista kan du setja deg opp på nytt, men opparbeidd ansiennitet går tapt.

Havneweb (sjå raud boks nede på sida) registrerer venteliste for fast plass.   

Per 1. april 2024 er det ingen personar på venteliste for fast båtplass, men heller ingen ledige plassar. Sjekk gjerne informasjon om ventetid på denne sida, ettersom me oppdaterer ventelisteinformasjonen etter kvart.

Tildelt båtplass som ikkje er i bruk

I fylgje våre lover (paragraf 3.7.4) skal ubrukt båtplass tilbakeførast til båtforeninga. Medlem med båtplass som ikkje nyttar denne disponerer båtplassen ut året han har betalt for, men viss medlem året etter heller ikkje nyttar båtplassen, skal plassen førast tilbake til båtforeninga. Viss medlem treng båtplass igjen, går han til fyrste plass på ventelista. 

Leigeplassar

Kvart år kan det vera nokre ledige plassar for utleige. Ventelistemedlemar får tilbod om å leiga desse, og tapar ikkje ventelisteplass ved leige av båtplass. Andre som ynskjer ein leigeplass har prioritet etter ventelistemedlemar, og medlemar har prioritet framfor ikkje-medlemar.

Per 1. april er det ein ledig leigeplass i båthamna.

Reparasjon av kaianlegg

Ei større utbetring av kaianlegget er utsett inntil vidare, i påvente av ein heilskapleg kommunal plan for sjøkanten inn mot sentrum.

Kontaktperson

Kontakt hamnesjef Erik Klepsvik (982 13 705) for spørsmål om båtplass.