Våre båtplassar
Me har 22 båtplassar. Tre av dei er langsmed kai (innsida av Hetlandskaien); dei andre er båtplassar med landfeste, moring og moringsbøye.
Vassdjupna ved bryggje for båtfeste er i overkant av ein meter på det lågeste. Det skrår nokså bratt utover, med djupne over fire meter bare få meter frå bryggja.
Mange lurer på kvifor me ikkje har flytebryggjer, men utan molo eller solide bølgjebrytarar vil flytebryggjer ikke kunna motstå vêr og vind.
Det ikkje er tilgang til landstraum for båtar fortøydd i båtfeste.
Vêrforhold
Båtplass med moring kan brukast store deler av året, men ikkje frå november til mars, på grunn av vindforholda (den mest kritiske vindretninga i vår båthamn er sør-aust). I denne perioden skal alle båtar på land; om du ynskjer vinterplass på sjø er det mykje ledig i mange båthamner (inkludert i Stavanger Motorbåtforening).
Dersom du har båt med stort vindfang i form av overbygg eller rigg, kan det også vera lurt å fortøya båten med baugen mot sjø og vind.
I sommarhalvåret er det oftast vind frå vest og nord. Dei verste haust- og vinterstormane kjem oftast frå sør-aust.
Årsavgift for kalenderåret for båtplass skal betalast 1. januar kvart år; manglande betaling medfører tap av rett til båtplass.
Fortøyningsmetode
Dei aller fleste av våre båtplassar er i form av moring, moringsbøye og landfeste.
Hillevåg båtforening er ansvarleg for landfeste, og har frå og med 2023 overteke utsetjing og vedlikehald av sjøfeste (moring og bøye).
Nye landfeste i galvanisert stål blei støypte inn i bryggja sommaren 2022. Nye sjøfeste er lagt ned våren 2023.
Båtfeste eigner seg best for motor- og seglbåtar under åtte meters lengd og som ikkje stikk djupare enn 1,7 meter.
Venteliste for fast båtplass
Me har stor interesse for å få fast båtplass. Tildeling av båtplassar til ventelistemedlemmer skjer kvart år i januar. Vanlegvis blir det tildelt ein del båtplassar kvart år.
Me forventar at dei som har blitt tildelt båtplass har båt, slik at båtplassen er i aktiv bruk same år som tildeling skjer. Viss du ikkje bruker tildelt båtplass skal han tilbakeførast til båtforeninga. Båtplassen kan ikkje framleigast av medlem, men kan i visse tilfelle leigast ut av styret. Ein person kan ikke disponera fleire enn ein båtplass.
Du må vera medlem for å stå på venteliste for fast båtplass (du søkjer om dette på Havneweb når du søkjer om båtplass). Medlemskap for ventelistemedlemmer kostar 300 kr per år.
Ventelistemedlemmer må kvart år i desember stadfesta om dei framleis vil stå på venteliste i kommande år. Viss båtforeninga ikkje mottek slik stadfesting fører det til fjerning frå ventelista. Blir du sletta frå ventelista kan du setja deg opp på nytt, men opparbeidd ansiennitet går tapt.
Havneweb (sjå raud boks nede på sida) registrerer venteliste for fast plass (og vinteropplag på land).
Tildeling av ledige båtfeste til ventelistemedlemmer blei gjort i januar 2023, og per 9. november 2023 er det 11 personar på venteliste for fast båtplass. Lengst ventetid er ca. 10 månadar. Me trur det er realistisk at du må venta om lag eitt år for å få tildelt båtplass. Sjekk gjerne informasjon om ventetid på denne sida, ettersom me oppdaterer informasjon om venteliste etter kvart.
Leigeplassar
Kvart år kan det vera nokre ledige plassar for utleige. Ventelistemedlemmer får tilbod om å leiga desse. Medlemmer på venteliste misser ikkje sin ventelisteplass ved leige av båtplass.
Reparasjon av kaianlegg
Reparasjon av kaianlegget er utsett inntil vidare, i påvente av ein heilskapleg kommunal plan for sjøkanten inn mot sentrum.
Kontaktpersonar
Kontakt hamnesjef Erik Klepsvik (982 13 705) om du har spørsmål om båtplass.