Hillevåg båtforening blei stifta i 1945, og har om lag 70 medlemar.
Båtforeininga har eige klubbhus med sitjeplass for 20-30 personar, fullt utstyrt kjøkken, AV-utstyr og Internett. Mot sjøsida er det ein flott terrasse med utsyn mot Gandsfjorden og Ryfylke.
For dei fleste andre båtforeiningar er tilbod om båtplass viktigast for foreininga sitt eksistensgrunnlag, men for vår båtforeining er det tilbod om slipping og vinterlagring som er det viktigaste grunnlaget for vår eksistens. Me har bare 21 båtplasser, men kan tilby slipping og opplag for meir enn tre gonger så mange båtar som me har båtplass til. Hovudaktiviteten og hovudinntekta for båtforeininga er derfor relatert til slipping og opplag.
Dei aller fleste medlemane i Hillevåg båtforening har ikkje båtplass i båtforeininga, men har båten i andre båthamner. Dei nyttar slippen enten til vårpuss eller vinterlagring.
Me er ei lita båtforeining utan fast tilsette. Heilt frå starten av har båtforeininga vore driven på frivillig basis, avhengig av innsats og dugnad frå medlemane.
Styret driv òg på frivillig basis utan nokon som helst form for kompensasjon. På det viset går drifta rundt, slik at me kan ha låge prisar.
Fleire av dei som har båten på slipp er ikkje medlemar, og betaler derfor noko høgare pris.
Medlemskap er frivillig, og viss ein ikkje ynskjer å delta på dugnadar kan ein velja å ikkje vera medlem. På lik linje med dei andre båthamnene i regionen krevs det imidlertid medlemskap for å stå på venteliste for båtplass. Då må ein godta reglane for drifta av båtforeininga ein står på venteliste hos.